– MIL er ein breiddeklubb somynskjer å gi alle barn og ungdom eit tilbod uavhengig av kor mykje kunnskap ogerfaring dei har. Me ser på dette som eit viktig fritidstilbod i nærmiljøet påTau, fysisk aktivitet blant barn og unge er utruleg viktig, meiner idrettslagetsom har langsiktige planar om å få på plass eit fullverdig klubbhus som kanvere eit viktig sosialt samlingspunkt for medlemmene. MIL blir i stor graddriven av frivillige, og har ingen tilsette.
Dei siste åra har sponsormidlane som MILhar motteke gått med til å finansiere oppgradering av Tau Stadion med kunstgras,og til topp moderne friidrettsanlegg med løpebanar, lengdegrop, høgdehopp og banefor kulestøt.
Klubben vart starta i 1936 og har om lag 450 medlemmer. Idrettslaget på Tau dekkeri tillegg Hjelmeland, Årdal, Fiskå og Jørpeland.